09.11.2010

Ventar eg forgjeves?


Den første nynorske skrivedagen vi hadde i høst gikk ganske bra.
Fikk en stolt 6'er, så her kommer teksten!
Legger også ut teksten på skrivebua.



Eg sit her berre og stirar på stolen. Den er raud med blå føter. Eg synes den passar inn i rommet mitt med raude veggar og blå karmar. Det er ikkje så rart, for eg fikk den i gåve frå pappa for mange år sia, nettopp for å passe inn i dette rommet. Ikkje lenge etter malte mamma senga mi også, for at ikkje den skulle sjå malplassert ut. Men det manglar noko på rommet mitt. HAN skulle eigentleg ha sete der, på den raude og blå stolen på denne tida av dagen, slik som ein ekte pappa skal gjere.

















weheartit.com


”Nu må du kome guten min!”, ropar mamma småirritert opp til meg. Eg har som vane å ikkje høyre ho den første gongen ho rope. ”Ja da!”, ropar eg tilbake, riv med meg jakka mi, og spring ned trappene. Ho er ikkje langsint, for no smilar ho, og rufsar litt i de lyse krøllane mine. ”Vi må ikkje kome for seint den første skuledagen din, veit du!”, formanar ho, og vi tuslar saman til den mørke pickupen vår. Sia det er berre mamma og meg, får eg lov å sitte framme i passasjersetet, men eg er så liten enda, så eg må bruke eit barnesete. Det er like greitt, for setet er nemleg sort med Batman på! ”Gruar du deg til å møte alle dei nye klassekameratane dine, Danny?”, mamma spør med den mjukaste stemmen ei mor kan ha. ”Mhm, men berre litt”, svarar eg på ordentleg kult vis, sånn som store gutar skal gjere. Eg har jo tross alt blitt seks år!



Rommet mitt følast tomt. Stolen står der stolt ved døra kvar einaste kveld. Og kvar einaste kveld på denne tida, sit eg i senga mi og ventar på at pappaen min skal kome. Eg ventar og ventar, men han kjem aldri. Han vil komme ein gong, det veit eg, men eg begynner å bli utolmodig. Det er ikkje heilt i samsvar med det vi lærte på skulen i dag. Vi lærte nemleg at vi må være tolmodige og vente på tur. Det var det første frøken lærte oss da vi møtte opp, men det er ikkje alltid så lett når ein må på do, det har eg opplevd.


”Frøken, kan eg få gå på toalettet?”, spør eg høfleg då eg får ordet. ”Du må nok vente til Petter kjem tilbake, Danny”, svarer ho, og fortsetter å snakke om alle skulereglene vi må kunne. Eg høyrer det dryp dråpar i vasken, og følar dråpane inni meg som må ut. Det er visst ikkje berre eg som ikkje følgjer med. Fleire av de andre kviskrar til kvarandre. Eg overhøyrer nokon av jentene snakke om Petter. Kjem ikkje han tilbake snart? Det følast som om han har vært borte i ei ævelengd. ”Petter er jo treig som ei snigle”, kviskrar eg til naboen. Det er ei fin sjokoladejente, med sjokoladeaugo, som sit der. Det luktar lavendel av ho. Ho smilar til meg, og seier at ho heite Vicky. Eg skal til å sei at eg diggar namnet hennar, men Petter kjem tilbake, og eg huskar at eg må på do. Men mens eg reiser meg og går, tenker eg at eg likar jenta like godt som sjokolade.


Skal ikkje pappa kome snart, då? Eg synes han har bruka lang nok tid til å knø seg hit, og eg held på å sovne. Han er definitivt treigare enn Petter. Augo mine glir att, og eg kjenner kroppen blir nomen, men så høyrer eg han kome inn. Eg er for trøtt til å sprette opp, men pappa trippar inn, og gir meg ein nattklem. ”Du kom!”, seier eg glad, medan han set seg til rette på stolen. ”Ja, så klart guten min. Det har berre gått 10 minutt sia du var i stua og spurte om eg kunne kome opp! Er du klar for ei kveldsforteljing no, Utolmodige Danny?”


Ris og Ros taes i mot med takk!

Siv

xxx

8 kommentarer:

  1. Bra tekst :)!
    heh, ja du skremte oss xD haha, du e nu skjønn!

    SvarSlett
  2. Bra tekst Siv! Og du er jo kjempeflink i nynorsk! :)

    SvarSlett
  3. Æ trudd farn va dø siv!
    utruli bra skrevve, den va pærfækt!

    SvarSlett
  4. Du e jo kjempe flink, stå på med skolearbeidet!

    SvarSlett
  5. Vicky og Danny, knis.

    Jeg likte den! Veldig søt historie :)

    SvarSlett
  6. Aww, Vicky og Danny ^^

    Veldig fin historie! Mye bedre i nynorsk enn det jeg var (er burde jeg vel si, men jeg bruker ikke nynorsk lenger så.. :P) *kremt*

    Stååå pååååå! :D

    xx

    SvarSlett
  7. Hærregud Siv! Du e jo kjempeflink til å skrive!! Hvis du en gang i framtida skriv ei bok, så ska æ definitivt lese den! :-D

    SvarSlett
  8. Aw, tusen takk alle sammen! Så koselige dere er :)

    Caroline: tusen takk!! Æ skal sei ifra om æ skriv ei bok, haha xD Godt å vette at én blir å læse den iallfall :D

    SvarSlett