05.04.2011

Endt Tid

”Tida er ute”, sa damestemmen i røret. ”Tida er ute?”, spurde han seg sjølv. ”Korleis kan nokon annan bestemme om mi tid er ute?” Han klemde armane rundt knea og såg utover havet. Svarberget under ham ga inga varme slik det pleier å gjøre om sommaren. Han tok eit godt drag av den kalde februarlufta og pusta inn den salte sjølukta. Mobiltelefonen låg i fanget hans, og han så på den store touch-skjermen. ”Kvifor blir eg fortald at eg har bruke opp tida mi?” Havet ga ham ingen svar, og han glei inn i tankerekker av gamle minner.

”Mor, eg orkar ikkje søndagsskule meir. Kvifor må dei alltid snakka om ein Gud og ein Jesus? Eg har ikkje lyst!” Den vesle guten ser halvt bedande, halvt irritert opp på mor si, med dei blåaste augo nokon gut på 6 kan ha. ”Eg har sagt det før, må eg verkeleg seie det igjen, Eirik?”, svarer mor hans strengt. Ho har satt det mørke håret opp i ein stram hestehale som får ho til å sjå enda strengare ut. Dressen hennes er ein slik ein advokat eller ei kontordame ville brukt. ”Du skal tru på Gud og Jesus. Viss du ikkje gjer det blir du ikkje frelst, og blir du ikkje frelst får du ikkje kome til himmelen når du døyr. Eg vil ikkje at du skal måtte dra til Helvete. Skynd deg no, så skal eg køyra deg til kyrkja.”

Han huska den hendinga veldig godt, enda det var over tjue år sia. Søndagsskule var det verste han visste, og ingen av dei kule ungane trengte å dra i kyrka for å synge songar til Gud. Det hadde vore vanskelig. Han hadde ikkje eit spor av tru i sjela den gong; kvifor skulle han tru på ein usynleg mann som det sto om i ei bok på over 2000 år? Men i det siste hadde han hatt mye tid for seg sjølv, tid til å tenkje. Han pleidde å tenkje på kva som var meininga med livet. Kvifor var akkurat han fri for tid? Kva galt har han gjort for å bli fri for tid?


























”Hei, gut! Kom tilbake med det der!” Han kan sjå den tykke mannen som kommer springande bak ham med henda veivande i været. Butikken ligg eit godt stykke bak no, og pakken med røyk har han gøymd godt nedi ei lomme i jakka. Han spring mot havet, bort frå den litle landsbyen, og bort frå den irriterande butikkmannen. Han kjennar det begynnar å danne seg sveittedråpar på dunene på overleppa. Barten han hadde prøvd å gro lurar ingen; han ser ikkje ut som om han er ein dag meir enn 16. Det hadde ikkje vore en så lur idé som han hadde trudd i førstninga. Eigentleg var det berre for å trosse Mor, men motet svikta då han hadde putta pakken i jakka. Han kunne ikkje bli tatt. ”Dei ti boda sei man ikkje skal stele, og Mor kommer til å gå heilt frå vette” pesar han for seg sjølv mens han glir lenger og lenger bort frå mannen som ligg bak han.


Han angra bittert. Det var ikkje det største tjuveriet i verda han hadde gjort, og mora hadde ikkje fått vite noko om det, men han angra. ”Unnskyld!” ropa han ut i bruset frå havet. Det var så vidt han hørte ordet sjølv. Det brølande havet overdøyvde han, men det hjelpte litt. Han følte seg lettare, akkurat som når ein har gått ein lang tur med ein tung sekk på ryggen, og ein spis all maten som er lagra i den før man går vidare. Mobiltelefonen lagde dei velkjente lydane som den lagar når ein prøvar å ringe noen. ”Tida er ute,” sa stemma på nytt. ”Ute du liksom. Eg er ute, men eg kan ikkje sjå nokon tid.” Han såg seg irritert om. Nei, han kunne ikkje sjå tida. Blikket festa seg på ein grøn stilk som vaks opp frå snøen.

Ho er så pen. Aldri har han sett nokon så pen før. ”Augo strålar som sola, og håret er som ein glorie rundt hovudet hennes,” tenkjer han for seg sjølv. Ho står ved det store eiketreet ved kyrkja og ser på han. Smilet på leppene hennes er ikkje å ta feil av; ho vil at han skal komme bort å snakke med ho. Han saumfarar bakken for å finne noko han kan gi ho, og han får auge på ein grøn stilk med ein kvit blomster på. Knea bøyer seg lett mens han setter seg på huk for forsiktig å knekke stilken der den kommer opp frå jorda. Forsiktig holdar han blomsteren i handa mens han går bestemt mot jenta. Han kjenner ho godt. Dei har møttest i skjul her ved kyrkja. Ho er smart, og dei har hatt intense diskusjonar om alt frå blomster til religion. Lydia trur på Gud. Eirik har derimot ikkje lyst til å tru, og ho tvingar han ikkje slik mor hans alltid har gjort. Ho strekk ut handa og stryk han kjærleg over det korte, mørke håret.























Han kjente kulden krype frå bakken og innover i kroppen. Fingrane var allereie forfrysa, tærne òg, og kulda spreidde seg oppover i ei rasande fart. Det skulle ikkje få nå hjertet hans, ikkje så lenge han hadde viljestyrke igjen i kroppen! Her skulle han ikkje sitte lengre. Han hørte snøen knirke på bakken då han reiste seg, og han kjente våtleiken i bakenden mens han bevegde seg bort frå svaberget. Han så seg om en siste gang før han forlét yndlingsstedet sitt. Nå skulle han skynde seg heim, så han kunne ha en rolig kveld med Lydia. Det skulle bli spennande å sjå om yndlingsbandet hans vann konkurransen, sjølv om dama i telefonen ga han beskjed om at stemmetida var ute…

Jeg håper dere klarer å overse nynorskfeilene!

Siv

xxx


ps. Tusen takk til nynorskekspertene i går! Personlig er jeg glad norsklæreren ikke rettet de feilene... Men jeg lar teksten være som jeg originalt skrev den. Det ville dessuten bare blitt krimskrams om jeg skulle skrive den om til bokmål (jeg prøvde!).

18 kommentarer:

  1. Flott tekst! Selv er jeg heftig god (ironi) på nynorsk, men gidder ikke rette no. (Fordi jeg kan ikke!) Eg veit ikkje, er det eneste jeg vet haha

    Sv/ Concealer er vel smiiinke det og, og like dårlig for huden som enhver foundation? :p Dessuten finns det sminke som sletters ikke er dårlig for huden så om du bekymrer deg for det, kan du jo sjekke ut de? :) Selv vurderer jeg faktisk en foundation fra no7! :)

    SvarSlett
  2. SV;
    Det er vanskeleg å overtyda og engasjera ei(n) som står fast på nøytraliteten si side, men eg skal prøva.
    Problemet her er ikkje fyrst og fremst kva DLD tyder i praksis. Som min gode ven Daniel sagde; DLD bør automatisk verta fjerna om ikkje tala på arresterte internettpedofile og andre datakriminelle går opp innan 6 månader. Spoiler: dei tala vil ikkje auka i det heile. Det garanterer eg.
    AP og Høgre prøver kanskje å få deg til å tru at DLD er til landsens og ditt eige beste. Det er for fellesskapet, påstår dei. Men sanninga er at AP og Høgre ikkje veit noko som faens helst om kva som er til det beste for nokon andre enn for AP og Høgre sjølve. Det er fyrst og fremst PRINSIPPA som tel i denne saka, og AP/Høgre si valdtekt av privatlivet representerer "alle skal for helvete med"-tankegangen på sitt verste.

    SvarSlett
  3. Shit, korr bra den va! ;o <3

    SvarSlett
  4. Knallbra novelle!

    SvarSlett
  5. herlig, vakkert, bra, flott, fint, supert!

    SvarSlett
  6. utrolig bra tekst :-D og det var bra for meg å lese det, siden vi driver med nynorsk på skolen, men bra! :-D

    SvarSlett
  7. En flott tekst:) Synes ikke jeg så så mange feil jeg:)

    SvarSlett
  8. Kjempe bra tekst!
    Ble litt lurt i begynnelsen om at tida var ute xD
    Jeg kan ikke nynorsk så jeg kan ikke se noen feiler ;P

    SvarSlett
  9. Kjempeflott tekst! Forstår at du fikk såpass bra karakter :D Jeg savner å få lov til å skrive skjønnlitterære tekster.

    Tusen, tusen takk :)) Når jeg vet hvor og om du skal stemme gir jeg lyd vettu. Høhø, må jo reklamere litt.

    SvarSlett
  10. Kjempe kul blogg da !!!

    SvarSlett
  11. SV: Godt poeng ;) men jeg MÅ bare bruke det.. Elsker det :D

    SvarSlett
  12. Du er flink til å skrive, :o)

    SvarSlett
  13. Kjempebra skrevet! Ble lurt i slutten, hihi. Men du er flink til å skildre og bruke språklige virkemidler. Jeg elsker språklige virkemidler! :D

    SvarSlett
  14. Den va kjæmpe bra Siv :D <3

    SvarSlett
  15. Litt morsomt å lese en nynorsk stil som en 'bokmål-bruker' he skreve, hehe. Likte stilen kjempegodt, og sjønna kaffør du fekk 6'er! Klarte å sjå føre mej alt sammen:D

    SvarSlett
  16. Kjempebra tekst, Siv <3 :)
    Elsker når en historie ender med en overraskende slutt...og det hadde denne teksten definitivt ;)

    SvarSlett
  17. Syykt bra, Siv! Du e flenk!
    Og æ likte slutten kjempegodt! Overraskanes, og bra! :-D

    SvarSlett
  18. Det var så uvant å lese på nynorsk igjen..! Har ikke gjort det på lenge.

    Du kan trøste deg med at nynorksen din er langt bedre enn min - ikke at det skal så mye til.

    Likte virkelig novella di! :D
    Du kan å skrive du Siv, det skal du ha ;)

    SvarSlett